Regjeringa styrkjer kvalitetsarbeidet i barnehagen og foreslår å auke løyvinga til kvalitetsfremjande tiltak med 35 millionar kroner i 2010. – Vi har vore gjennom fire år med sterk utbygging. No er det kvaliteten i barnehagen som skal få eit lyft, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Løyvinga til kvalitetstiltak skal styrkje studiet i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB-studiet). Det er eit eittårig vidareutdanningstilbod på deltid for førskulelærarar. Studiet skal rettast inn mot fagområde med behov for kompetanseutvikling.
Leiarkompetansen til barnehagestyrarar skal styrkjast gjennom eit nytt vidareutdanningstilbod i leiing. I tillegg skal satsinga på etter- og vidareutdanningstilbod for barnehagetilsette og auken i studieplassar til førskulelærarutdanninga frå revidert nasjonalbudsjett for 2009 vidareførast.
– Det er viktig for regjeringa at det blir lagt til rette for meir likeverdige lønns- og arbeidsforhold i barnehagesektoren. Det har i mange av dei private barnehagane vore dårlegare lønns- og arbeidsforhold enn i dei kommunale barnehagane, seier Solhjell. Derfor blir det foreslått innført likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Det skal gjerast gjennom ein opptrappingsplan på inntil fem år. I statsbudsjettet for 2010 er det foreslått å løyve 82 millionar kroner til det.
Maksimalprisen for foreldrebetaling skal vidareførast på det same nominelle nivået som i 2009. Det vil seie 2330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. Forslaget inneber at prisen for ein heiltids barnehageplass reelt blir redusert med 75 kroner per månad. Maksimalprisen skal vidareførast på det same nominelle nivået inntil prisen er redusert til 1750 kroner (2005-kroner) per månad.
Totalt ønskjer regjeringa å løyve om lag 464 millionar kroner til utbygging og drift av nye barnehageplassar i 2010. Budsjettforslaget legg til rette for at 277 000 barn skal kunne ha plass i barnehage ved utgangen av 2010.